Hermine Pettersen Myklebust (17) avslører i Sunnmørsposten 13. april at ho har, trass i sin unge alder, gjennomført to viktige studiar. Ho har begynt sykle baklengs og oppdaga (heldigvis for henne) at det er meiningslaust.
Hermine Myklebust: Nynorsk er like meningsløst som å sykle baklengs
Det kjem ikkje fram om det var medan ho sykla baklengs at ho fann grunn til å studere nynorsk. Det kan i så fall vere forklaringa på hennar konklusjon: Nynorsk er like meiningslaust som å sykle baklengs og enda vanskelegare enn å lære spansk. Ein må ha forståing for at Hermine fann grunn til å kunngjere hennar revolusjonerande oppdaging.
Ein må ha lov til å slå fast følgjande:
Synd den unge «forskaren» ikkje levde for 150 år sidan. Då kunne ho ha teke ein alvorsprat med Ivar Aasen, Elias Blix og Aasmund O. Vinje og fortalt: «Gutter! Dere tar feil! Jeg har rett. Landsmålet er meningsløst». Då hadde vi ikkje blitt plaga med: «Mellom bakkar og berg», «No livnar det i lundar» og «Blåmann, Blåmann bukken min». Då ville ho sjølvsagt slått i bordet med at å bygge eit språk på norske dialekter var heilt unødvendig når vi like godt kunne bygge på det danske språket som er så lett å forstå og skrive.
Seinare kunne ho fortalt Hulda og Arne Garborg om sine kunnskapar. Då hadde vi kanskje ikkje fått «Det Norske Samlaget» og Det Norske Teatret» og Bygdeungdomslaget i dei fleste byar og ungdomslag i bygdene. Seinare ville det kanskje vore lett for henne, kanskje etter å ha demonstrert baklengs sykling, å forklare Olav Duun, Jakob Sande (Det lyser i stille grender»), Halldis Moren og Tarjei Vesaas at det var «meningsløst» å skrive nynorsk.
Kva med Jo Ørjaseter: «Å Vestland, vestland». Krigshelten Martin Linge som padla i kajakk frå Bergen til Ørsta for å treffe sitt språklege idol Anders Hovden.
Men det er heldigvis ikkje for seint for den unge syklisten: Ho bør ta ein alvorsprat med Jon Fosse og Edvard Hoem og forklare dei at dei må skrive slik at ho og andre ungdommar som har lettare for å lære spansk enn nynorsk, forstår kva dei skriv. Are Kalvø bør ho og ta i nakken. Kalvø kjem i desse dagar med musikkspelet («omforlatelse»: Musicalen) «Spynorsk mordliste» på Det Norske Teatret.
Hermine sitt viktigaste synspunkt i hennar forsøk på å gravlegge nynorsken, ved sida av det er vanskeleg å sykle baklengs, synest vere at det er så få som kan nynorsk og at « flertallet» er imot nynorsk: «Hvorfor skal vi lære et skriftspråk nesten ingen kan»?
Mitt svar er: Nynorsken er eit så viktig fundament i vår kultur at det i dag er enda viktigare å bli kjent med og respektere språket, som bygger på våre dialekter, enn det har vore dei siste 70 åra. Det har heller aldri før vore så lett å skrive nynorsk som i dag. Nynorsk ordliste / retteprogram er installert i dei fleste PC-ar.
Eg har alltid skrive på nynorsk. Etter å ha skrive ein biografi om Martin Linge og ein om Rubin Langmo, vart eg av eit forlag i januar bedt om å skrive ein ny biografi. For meg var mannen heilt ukjent. Han 85 år og har levd eit heilt utruleg liv. Etter å ha møtt personen tok eg på meg oppdraget trass i at eg måtte skrive på bokmål. Det er underleg å skrive bokmål. Men takka vere PC-en går det nesten like fort som å skrive på nynorsk.