Nok ein gong viser antisemittismen sitt stygge andlet i Europa og elles i verda. Han stikk seg fram gjennom tid og rom og frå generasjon til generasjon. I Ålesund har Rune Furelid teke opp denne lite ærefulle tradisjonen.

På St. Olavs plass, midt i hjartet av byen, har han stilt ut ei stor teikning i gyllen ramme, ei framstilling av statsministeren i Israel, Benjamin Netanyahu, med hitlerbart og armband med hakekors. Dette «kunstverket» står berre ein sving unna der familien Steinfeld budde og eit par hundre meter frå der dei hadde butikken sin fram til dei vart transporterte til Tyskland og myrda av nazistane i 1943 – berre av di dei var jødar.

Korleis er det mogeleg å viser fram så bramfritt og stolt denne rasistiske propagandaen slik Furelid gjer på ein offentleg stad i byen og etterpå i Sunnmørsposten 12. april? Rett nok har han ikkje lagt teikninga ut på internett, for då kan han «risikere» å «ødelegge viktige salgsplattformer», må vite.

Furelid vrir òg på nestekjærleiksbodet og skriv «gjør mot andre som andre gjør mot deg». «Med andre ord mener jeg at Netanyahu gjør mot andre som andre gjorde mot jødene.» Kor mykje historieløyse og taktløyse skal til for å hevde noko slikt? 6 million europeiske jødar vart systematisk myrda under nazismen, inkludert 760 nordmenn. Kulturar vart utrydda. Ei tragedie som overlevande tok skade av på kropp og sinn for alltid. No er jødane igjen utrygge i Europa medan Holocaust enno er i manns minne.

«Når jeg drar paralleller til Hitler er det ellers knytta til Netanyahu, ikke til jødene som gruppe», hyklar Furelid. Han veit godt at når ein teiknar ein leiar for ein demokratisk stat på den måten så er det sjølvsagt symbol for folket. Trass det fryktelege som hender i krigen i Gaza etter Hamas’ drapsraid i Israel 7. oktober, er det ikkje i nærleiken av det som skjedde med jødane i Europa under nazismen.

Ei slik samanlikning bagatelliserer jødeutryddinga og set likskapsteikn mellom ofra og bødlane deira. Han kjem med fornærmande utsegner som ikkje har noko med saka å gjere, men berre bidreg til å piske opp stemninga mot ein utsett minoritet i Noreg. Han hånar jødane for trauma over Holocaust rett etter at dei har opplevd den verste og største pogromen etter krigen. Det er ikkje til å tru!

Men eg er mest sjokkert over mangelen på reaksjonar i byen. Denne antisemittiske sjikanen kan stå på ein prominent plass og bli prenta på første sida i lokalavisa, nesten utan reaksjonar.

Kva meiner ordføraren, leiarane for dei politiske partia, dei andre folkevalde? Kva meiner kyrkja? Kva meiner dei ideelle organisasjonane? Vi har to universitet/høgskular i distriktet – har dei ingenting på hjartet? Og kva meiner vanlege ålesundarar?